Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden er ei stifting som Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag står bak. Føremålet er å ta vare på handverkskunnskapen, og både kommunen og fylkeskommunen yter tilskot til drifta, slik at verkstaden kan bruka mykje tid på kunnskapsoverføring og tileigning. Siste nytt frå verkstaden finn du på Facebook

Oselvar til sals

Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Verkstaden har normalt 1 –1,5 års leveringstid for nye båtar, og eit par månaders ventetid på større reparasjonar. Hvis du ikkje har tid til å vente, har vi våren 2017, ein færing som er klar for sjøsetting. 

Besøk Oselvarverkstaden

Du finn oss i Hamnevegen 41, 5200 Os

Utstillinga har ope for publikum mandag til fredag 13.00 til 15.00.  Somme dager er vi ute på oppdrag, i skogen eller vi sager tømmer. Derfor oppmodar vi langveisfarande å forsikre seg om at vi er til stades før dei legg turen. Utstillinga er gratis.

Omvisning med film / foredrag kan bestillast på telefon: 905 56 285 – kr 100,- pr person

Omvisning kveld og helg etter avtale, minimum kr 1200,- eller 150,- pr person

The exhibition is open Monday to Friday: 11.00 – 15.00 – Hamnevegen 41, 5200 Os

Contact: 56 57 52 55 / 905 56 285