Emneval – byggjing av Oselvar

Av Harald Dalland

Til kjøl, lot, stemn og keipar vert brukt eik, resten av båten er i furu. For å få gode emner går båtbyggjaren i skogen sjølv og plukkar ut trea.

Harald Dalland var læremeister og fagleg leiar på Oselvarverkstaden frå oppstarten i 1997.

Eika skal vera rett og fin, vaksen i god jord, og utan kvist. Når eika er så tung at ho får søkk i sjøvatn er det god kvalitet. Eika kan høggast om sommaren, då skal ein ikkje kvista hann før lauvet er visna. Eg likar likevel best å høgga om vintaren. 

Furua må vera vintarhøggen, kan ein i tillegg høgga på veksande måne og fløande sjø, er det særdeles fint. Furua som skal brukast til bord og esingar skal vera mjuk og seig, då får me ein båt som er mjuk og god i sjøen. Årar og mast kan vera noko stivare. 

Dei trea som vert nytta til båtbord, har ein alder på 180 – 250 år, og berre rotstokken vert nytta til bord. Til keiper og spant (band), vert nytta ein del av stamma og ein del av greina. Til rong vert nytta, stamme og rot, eller stamme med grein som heng ned.