Vi treng nye lærlingar

Vil du vera med å ta vare på tusen år med kunnskap og tradisjon? Oselvarverkstaden skal ta inn nye lærlingar. Vi kan tilby eit spanande og utfordrande fagmiljø, og søkjer etter deg som er kreativ og interessert i tradisjonshandverk.
 
Du må like å arbeide både i verkstaden og i skogen, du må vera engasjert, pliktoppfyllande og til å stola på.
 
Vi ser etter deg som har/beherskar:
– Fokus på detaljer og kvalitet
– Er praktisk anlagt
– Har godt humør og høg arbeidsmoral
– Er nøyaktig, effektiv og løsningsorientert
– Ønskjer utfordringar og fagleg utvikling
 
Vi kan tilby:
– Variert og fysisk arbeid i skog og på verkstaden
– Tett oppfølging og fagleg rettleiing
– Eit inkluderande arbeidsmiljø
– Ein triveleg arbeidsplass ved Oselvo i Os sentrum
 
Læretida startar 1. september 2023
 
Søknad m/personleg brev, kopi av attestar og andre papir sendast til:
post@oselvarverkstaden.no
 
Søknadsfrist 1. april 2023