Oselvaren blir framleis bygd i fleire størrelser. Den minste æringen er omlag 4,5 meter og den største laromsbåten er drøyt ti meter.
På bilde til høgre ser du ein ein (f)æring på 8 alner (totallengd 4,77 m), i midten ein færing på 10 1/2 alner (totallengd 5,89 m) og til høgre ein seksæring på 12 1/4 alner (totallengd 6,89 m)
Foto: Karen-Maria Andersson, frå boka Oselvar, den levande båten.
Vi måler lengda på oselvaren i båtal. Ein båtal er omlag 55 cm. «Båtalo» må ikkje forvekslast med ein «vanleg al» som var 62,75 cm da den gjekk ut av bruk, men denne har variert i lengd gjennom historia.

