Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden skal ta vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av oselvarbåten. Os kommune og og Hordaland fylkeskommune gjer tilskot til drifta, på denne måten kan dei tilsette på verkstaden bruke tida si på kunnskapsoverføring og tileigning.

Siste nytt frå verkstaden finn du på Facebook

Flyfoto over Osøyro. Oselvarverkstaden ligg i sentrum, like ved brua som går over Oselva.

Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. Seks lærlingar har tatt fagprøven sin hos oss, tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggjarar på Oselvarverkstaden. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.

Fagleg leiar Berit Osmundsen og båtbyggar Stig Henneman reparerar ein gamal oselvar.

I og med at tradisjonen har vore ubroten så lenge er heile den gamle kunnskapen intakt. Båtbyggarane på Oselvarverkstaden er blant dei fremste i Europa innan klinkbygde tradisjonsbåtar. Verkstaden har hatt styredeltaking frå viktige institusjonar som Norsk handverksinutitutt og Vikingskipshuset i Oslo, og gjennom eit fagråd har me knytt til oss kompetanse m.a. frå Hordamuseet og Hardanger Fartøyvernsenter. Me samarbeider også med Vikingeskibsmuseet i Roskilde, og har slutta oss til nettverket «Artisan in Work» (tidlegare Economuseum), dette er ei samling av bedrifter som driv tradisjonelt handverk.

Båtbyggjarane på Oselvarverkstaden fyller ca. 3,5 årsverk. I tillegg kjem to lærlingar. Ved nyttår 2020 har verkstaden bygd omlag 99 båtar. Verkstaden har sunn økonomi, men det krev heile tida ei nøktern drift.

Verkstaden har ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale. Les meir om besøk hos oss på denne sida.

English summary: When the Oselvar Boatyard was opened in 1997, a professional board was established, where the boatbuilder Harald Dalland was a central member. Under his leadership six boatbuilders have got their full education and training in the traditional crafts and skills and have obtained their certificate as boatbuilders. Os Municipal Council has the responsibility for the annual budgets, based on fundings from the municipality, the County Council and the incomes from the building of Oselvar boats as a traditional business activity. Over the last twenty years the Oselvar Boat Yard thus has proven to be a success story, in preserving, safeguarding and revitalizing the old skilled craftsmanship – «the art of boatbuilding»

Tilsette og lærlingar ved Oselvarverkstaden 2020:

Båtbyggjar og fagleg leiar Berit Osmundsen
Båtbyggjar Leif Harald Amundsen
Båtbyggjar Maik Riebort
Båtbyggjar Stig Salbu Henneman
Dagleg leiar Vidar Langeland
Lærling Ella Mørtsell
Lærling Fredrik Meier

.