Vedtekter for Stiftinga Oselvarverkstaden

Namn og forretningsadresse

Stiftinga Oselvarverkstaden er skipa av Os kommune og Os Båtbyggjarlag i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Namnet er Stifítinga Oselvarverkstaden. For alt som ikkje er regulert av desse vedtektene, gjeld lovgjevinga om stiftingar.

Forretningsadresse er Stiftinga Oselvarverkstaden, 5200 Os.

Føremål

Føremålet er å ta vare på båtbyggarhandverket som gjeld oselvaren, i pakt med tradisjonar og strenge krav til kvalitet. Dette skal ein oppnå ved at:

A  Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringsstad der ein tek vare på og utviklar handverket med oselvarbygging.

B  Oselvarverkstaden skal vera ein stad der ein tek vare på og utviklar spisskompetansen med bygging av små trebåtar.

C  Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringsstad for dei fylkeskommunale lærlingane.

D  Oselvarverkstaden skal vera ein stad der handverket kan vidareførast som ei livskraftig næring.

E  Oselvarverkstaden skal vera ein stad der ein vil fomidla kunnskap om handverket og bruken av båten.

Grunnkapital

Grunnkapitalen er på kr 50 000.

Styret

Styret for Stiftinga Oselvarverkstaden har fem medlemmar med personlege varamedlem som vert oppnemnde slik:

Os kommune har ein medlem.

Hordaland fylkeskommune har ein medlem.

Dei fast tilsette ved Oselvarverkstaden har ein medlem.

Dessutan nemner styret for stiftinga opp to styremedlemmar. Minst ein av dei skal vera frå norsk museumsmiljø eller antikvarisk miljø, og ha relevant kompetanse om tradisjonell, norsk småbåtkultur.

Funksjonstida til styremedlemmane følgjer kommunestyreperioden. Styret vel sjølv leiar og nestleiar. Styremedlem kan attveljast utan tidsavgrensing. Styret er vedtaksført når minst tre medlemmar er til stades. Står røystene likt avgjer røysta til leiaren. Dagleg leiar er sekretær for styret og møter fast på styremøta. Styret kan i einskilde høve også gje andre møte- og talerett.

Styret tilset og kan seia opp dagleg leiar og båtbyggarar, og fastset kven som skal ha det faglege ansvaret. Styret godkjenner årsmelding og årsrekneskap som dagleg leiar legg fram, og vedtek budsjett. Styret kan og vedta strategiske planar for drifta ved verkstaden. Styret vel revisor for stiftinga.

Styre 2017:
Styreleiar: Norvald Johan Skåtøy
Nestleiar: Henrik Johannes Askvik
Styremedlemmar: Terje Planke, Stig Morten Frøiland, Stig Salbu Henneman
Varamedlemmar: Ernst Hoff, Tove Tvedt Skarstein, Ole Mikal Olsen Ramsøy, Nils-Anders Nøttseter, Maik Riebort
Revisor:  OS REVISJON ANS
Strategiutval

Oselvarverkstaden har eit strategiutval på minst fem personar, alle oppnemnde av styret. Strategiutvalet arbeider etter eit mandat gjeve av styret for verkstaden.

Dagleg leiing

Styret tilset dagleg leiar, som skal vera sekretær for styret og stå for den daglege drifta av Oselvarverkstaden. Det gjeld også produksjonsplanlegging og organisering av arbeidet på verkstaden.