3D-modell av ein færing

Den siste tida har vi arbeidd med oppmåling og registrering av gamle båter. I samanheng med dette har vi prøvd ut noko som kallast fotogrammetri. Denne teknologien er mykje brukt i arkeologi. Oselvaren på denne sida er sett saman av omlag 500 bilete. Dette er vårt første forsøk med 3D-fotografering, toftene forsvann i dette forsøket, men vi har elles lært mykje om korleis dette skal gjerast. Det ser ut til at dette kan bli eit nyttig verktøy i det vidare arbeidet med oppmåling.

Fotogrammetri av ein Oselvar færing, båten er bygd av Nils K. Drange i 1928. 3D-modell © Vidar Langeland, med Agisoft – Photoscan