Oselvarverkstaden er godkjend lærestad for lærlingar i trebåtbyggjar faget.
Hausten 2021 var det tre lærlingar ved verkstaden.
Omlag anna kvart år lyser vi ut ledig lærlingplass.
Her er eit lite utdrag frå opplæringsplanen:
Trebåtbyggaren produserer, reparerer, vedlikeheld og restaurerer skrog, overbygg, riggar, innredningar og installasjonar. Sentrale arbeidsoppgåver er
- bruk av dei forskjellige material som vert brukt i tradisjonell båtbygging
- tørkeprosessar og bearbeiding
- mekaniske forbindelsesmetoder, liming og overflatebehandling
- estetikk, design og konstruksjon med tekning og visualisering
- kvalitetssikring og HMS
Fagarbeideren skal i samarbeid med andre og selvstendig kunne planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere sitt arbeid på en slik måte at det også kan lede til nytenking og produktutvikling.