RÅSEGLSEMINAR – 2023

Stad: Hordamuseet på Stend, Bergen.

Arrangør: Vestland Fylkeskystlag, Oselvarverkstaden, Forbundet KYSTEN, Kystkultur.no

Meir info her:Påmelding

PROGRAM:

Torsdag 7. september

15.00 – 17.00 Ankomst/registrering/velkomst

16.00 – 17.00 Mat: brødmat

17.00 i auditoriet i Båthallen:

Velkomsthelsing frå Bymuseet i Bergen

Presentasjon av arrangørane, Hordamuseet, Båthallen og museumsområdet

Praktisk info under råseglseminaret ved Kjell Magnus Økland

17.00 – 20.00 Kort omvisning i Båthallen fokus på Oselvaren v/Stig Salbu Henneman og Kjell Magnus Økland, omvisning ute, sjøsetjing, opprigging og båtbruk utpå 

På stranda i Mjelkevika: Kort presentasjonsrunde av deltakarane, båtane og båteigarane på seminaret. Utpå fjorden: deltakarane gjer seg kjent med indre del av Fanafjorden

20.00 – 21.00 Mat: middag betasuppe/lapskaus

21.00 – 22.00 I auditoriet i Båthallen:

Eldar Heide: Råseglet på Oselvaren – kva lurer me på?

Uformell drøs etterpå

Fredag 8. september

08.00 – 09.00 Frukost: brødmat + smørjing av niste til lunsj

09.00 – 10.00 Morgonsamling i auditoriet i Båthallen:

Frode Bjøru: Det vestnorske råseglet sør for Stad – stor variasjon på små avstander

Kort diskusjon. Praktisk info om dagens gjeremål utpå fjorden

10.00 – 15.00 Opprigging, segling på Fanafjorden, matpakkelunsj – strandhogg på Stendaholmen

Roing vs kryss med råsegl/sprisegl 

Roing vs slør råsegl/sprisegl 

Roing vs lens råsegl/sprisegl

Stagvendingar med råsegl

Råsegl vs sprisegl: Slør, kryss, lens

Segling kring trekantbane på bøyar på fjorden

15 – 16 Fortøying/landsetjing i Mjelkevika

16 – 17 Mat: middag med fiskebasert mat

17 – 20 Seminar i auditoriet i Båthallen:

Oselvarverkstaden: bygging og rigging av åttringen Harald + bruk av alnastaven i båtbygging + oppmåling av båtar og auka forståing på Oselvarverkstaden

Thomas Due Sivertsen: Vestland Fylkeskystlag og planar for åttringen Harald

Fanafjorden Tradisjonssegling: presentasjon av Fanafjorden Tradisjonssegling og røynsler frå segling med råsegl frå Hordamuseet sidan 2012

Kai Linde: ein kontrast til Oselvaren sin råsegltradisjon: råseglet på Nordlandsbåten

20.00 Kveldsmat: brødmat + middagsrestar frå torsdag

21.00 Oppsummering av dagen i auditoriet i Båthallen

Atle Knutsen: Den nye redaktøren i Tidsskriftet Kysten presenterer seg

Kystkulturell underhaldning og uformell drøs

Laurdag 9. september

08 – 09 Frukost + smørjing av niste til lunsj

09 – 10 Morgonsamling i auditoriet i Båthallen 

Kjell Magnus Økland: Finst det tommelfingerreglar kring rigging av råsegl og sprisegl på Oselvaren og kva er i så fall dei? Kort diskusjon

Praktisk info om dagens gjeremål med måling på land og oppgåver utpå fjorden

10.00 – 11.30 Måling av segl og rigg, skrog, tofter og keipar på land

11.30 – 12.00 Opprigging, klargjering

12.00 – 12.30 Matpakkelunsj utpå/strandhogg på stranda i Mjelkevika, eller kva som høver

12.30 – 15.30 Segling utpå med startlinje og drone/timelapsefilming og retur til lands

15.30 – 16.00 Landsetjing og nedrigging av båtar

16.00 – 17.00 Middag på museet poteter/kjøttkaker/ertestuing og grønsaker

17.00 – 20.00 Seminar i auditoriet i Båthallen:

Kjell Magnus Økland: Råsegl, sprisegl, bermudasegl og andre segltypar brukt på Oselvaren.

Thomas Johnson og Jan Tufteland: Brugdebåt frå Austevoll – brugdefangsten –  ekstremsport anno 1750-1850

Terje Planke / Tore Friis Olsen / Eldar Heide: Tryggleik i tradisjonsbåt

Debatt og diskusjon

20.00 Kveldsmat + middagsrestar frå fredag

21.00 Oppsummering av dagen

Bjarte Vestøl: På rotur til Finland med Oselvarfæring

Kystkulturell underhaldning med skrøner og uformell drøs

Sundag 10. september

08.00 – 09.00 Frukost 

09.00 – 12.00 Føremiddagsøkt i Båthallen med diskusjon, oppsummering av kva me har lært, presentasjon av forskningsdugnaden, evaluering og forslag for neste års seminar.

12.00 – 13.00 Avslutningsmåltid – eta opp alle restar – ryddetid – heimreise

I tillegg vert det

– utstilling av gamle originale råsegl

– 25 utstilte båtar i båthallen til Hordamuseet

Påmelding her