Oselvar:VR

Noregs nasjonalbåt har blitt digitalisert og tilpassa VR. Lær om arbeidsmetodar, historie og korleis ein oselvar blir til gjennom eit Oculus Quest-headset!

No kan du bygge ein virtuell oselvar i Oselvarverkstaden sitt heilt eige VR-spel! Ta på brillene, grip handtaka og – vips er du inne i ein tilsynelatande verkeleg båtbyggarverkstad.

Her kan du flytte deg mellom dei ulike stasjonane i verkstaden. Kvar stasjon har ei oppgåve du skal utføre med ulike verktøy, frå kløyving av ein tømmerstokk, til kniping med tong og samling av dei ulike delane i ein oselvar. Spelet byr på moro, utfordring og ny kunnskap for både små og store.

VR-opplevinga kan du laste ned her.