Oselvar til sals


Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling
, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Verkstaden har omlag eit til to års leveringstid for nye båtar, og 6 – 12 månaders ventetid på større reparasjoner. 

Sjøklar robåt kostar i 2024 frå ca kr 170 000. For seglbåt kjem eit tillegg på kr 65 – 80 000, alt etter storleik og kvalitet på seglet. Vi byggjer båter i alle storleikar, æring (eit par årar), færing (to par årar), seksæring (tre par), åttring (fire par), tiæring (fem par) og tolværing (seks par årar). Husk at lengda blir målt innvendig, ytre lengd blir omlag  20 cm lengre enn måla som er oppgitt. Her finn du prislista for 2024

Berit, Solveig og Einar i ein nylakka færing på Bjørnafjorden