Quebec februar 2024

12. februar var dagleg leiar på Oselvarverkstaden invitert til å halde foredrag på ein konferanse i Quebec, Canada. Her snakka vi om arbeidet vi gjer for å ta vare på båtbyggjarkunnskapen i Noreg og i Bjørnafjorden. Omlag hundre deltakarar, for det meste frå Quebec, var samla til konferansen som vart arrangert i Joliett. Deltakarane kom frå reiseliv, kultur, kommune og delstat. Tema for konferansen var «Turisme og immateriell kulturarv».

Konferansen vart arrangert av Artisans à l’œuvre. Oselvarverkstaden har vore medlem av dette Economusee-nettverket siden 2009 og vert i dag kalla Håndlaget på norsk.

Nettverket har i dag 60 medlemsbedrifter i Canada og 15 i Noreg. Organisasjonen har og medlemmer i Irland, Sverige, Island, Færøyene og Haiti. For å bli med må ein drive med tradisjonelt handverk, drive med formidling og halde ope for publikum.

Artisans à l’œuvre har som mål å hjelpe mindre handverkarar med alt frå økonomi, nettsider, brosjyrer, historieforteljing og utforming av lokaler og utstilling. Vi er svært glade for invitasjonen og takkar for ein fin tur til Canada.