Personvernerklæring

Personopplysningar kan samlast inn og nyttast via nettstaden www.oselvarverkstaden.no

Behandlingsansvarleg:

Oselvarverkstaden, org.nr. 979 676 220, ved dagleg leiar og styret er ansvarleg for organisasjonens bruk av personopplysningar.  

Personopplysningar som kan lagrast:

Vi lagrar følgjande personopplysningar om våre kunder: Navn, adresse, telefon og e-postadresse. 

Formål:

Me nyttar persondata for å kunne gjennomføre våre pliktar etter avtale med deg. Opplysningane nyttast for å gje deg informasjon, tilbod og service i samband med din avtale med verkstaden, via e-post eller telefon / brev.

Grunnlag for behandlinga:

Informasjon om navn, adresse, telefon og e-postadresse nyttast for å oppfylle kjøpsavtalen. Grunnlag for denne behandlinga er personvernforordningens artikkel Art 6 (b). 

Der du har gjeve samtykkje, nyttast opplysningane til å gje deg informasjon, tilbud og service i samband med ditt kjøp, via e-post og telefon. Grunnlag for denne handlinga er personvernforordningen Art 6 (a). Du kan når som helst takka nei til å motta informasjon fra oss. 

Innhenting av personopplysningar: 

Vi lagrar dei personopplysningane du gjer på våre nettsider i samband med kjøp eller forespørsel. På oselvarverkstaden.no nyttar vi informasjonskapslar (cookies). Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som lastast ned og lagrast på di datamaskin når du opnar ei nettside. Nokre kapslar er nødvendige for at nettsida skal fungere, og andre nyttast for å gje deg som kunde ein best mogleg oppleving på nettsida. Ved å bruke nettsidene våre aksepterer du slik bruk av informasjonskapslar.

Utlevering av opplysningar til tredjeparter: 

Vi vil ikkje dele, selge, overføre eller på anna måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det.  

Sletting av personopplysningar:

Opplysningar som du gjer oss, vil bli tatt vare på inntil «føremålet med behandlinga er oppfylt». Dette betyr at når du bestiller båt eller reparasjon hos oss, tar vi vare på alle opplysningane dine fram til varen er levert og faktura er betalt. Opplysningar vi etter bokføringsloven er forplikta til å bevare, vil lagrast i 5 år i henhold til lovens krav.

Rettar for den registrerte: 

Vi nyttar dine personopplysningar i henhold til personopplysningsloven og gjeldande forskrifter. Ver merksam på at du kan krevje innsyn i eigne personopplysningar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar. Det kan klagast til Datatilsynet på behandling i strid med reglane.

Personvernombud:

Dagleg leiar og styret skal passe på at personopplysningslovens reglar om behandling av personopplysningar blir fulgt.

Informasjonstryggleik:

Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell adgangs- og tilgangskontroll, samt ved kryptering av sensitive deler av avgitte opplysningar. 

Revisjon av personvernerklæringen:

Vi kan oppdatere denne personvernerklæringa i samband med endringar på nettstaden eller i våre rutinar. Ny erklæring vil bli publisert på nettstaden seinast ei veke før endringane skjer.

Kontaktinformasjon:

Spørsmål om kva informasjon som er registrert, retting og sletting kan sendast skriftleg til dagleg leiar på denne adressa: post@oselvarverkstaden.no