Vedlikehaldsprogram for ny båt

Ein båt treng jamt med stell og vedlikehald for å halda seg fin. Di meir båten ligg ute, di oftare må den stellast.

Det er vanskeleg å gi eksakt råd om kva tid det går frå båten er levert til den må flikkast på første gongen. Vedlikehaldsbehovet er nært knytt til båtbruken, tid på sjøen, lokale klima og lagringstilhøve samt personleg krav til overflate/finish.

Det viktige er å vurdere båten og vedlikehalde etter behov. Om yta vert slitt slik at bart treverk kjem fram er det i alle høve på tide å gjere ei innsats.

Korleis lagre båten

Det beste for båten er å stå luftig og under tak då den ikkje er i bruk. Kjølen bør stå på klossar slik at båten kjem opp frå bakken, og med støtte på kvar side. Dette sparar eigar for mykje vedlikehaldsarbeid og forlenger levetida til båten.

Det er viktig å løfte opp tiljene når båten ikkje er i bruk, også når båten ligg på sjøen. Dette vil bevare botn betre over tid.

Tjørebreidde båtar

Om båten er bestilt tjørebreidd frå verkstaden, må behandlinga båten er levert med reknast som ein grunnsmørjing. Båteigar må sjølv smørje båten vidare ein til to gonger i året dei første åra. Båteigar må vurdere om båten treng smørjing på haust og vår.

Regelmessig stell:

  • Vask båten med vatn og grønsåpe når båten er satt på land for ei lengre periode, til dømes når båten vert sett inn for vinteren.
  • Gå over med tjøre/ tjøreblanding om veden er tørr. I mange høve er det nok å smørje yteveden på hausten og heile båten på våren. (BILDE, tørr geita og tjøre.)
  • Båtar som ligg mykje ute på sjøen må også smørjast oftare.

Tjøre kan nyttast rein, gjerne oppvarma i vannbad til kring 50-60 gradar. Den trekk då godt inn i treverket og er lett å smørje utover. Tjøra kan også blandast ut med raudsprit, terpentin eller olje. No er linolje den mest nytta olja, men fiskeleverolje (lyse) har vore nytta i tidlegare tider.

Om det er ønskeleg med ein gyllenbrun overflate på båten kan tjøra blandast med linolje 50/50. Ein må då også tenke på å skaffe lys tjøra av beste kvalitet. Denne tjøra må oppbevarast på trefat eller plastdunk då tjøra vert svart om ho står på jernfat. Den beste tjøra er raudbrun, lys og glatt om ein gnir ho mellom fingrane.

Tjøra treng sollys for å tørke. Det er gunstig om båten får nokre timar i sola før smørjing slik at veden er solvarm. Då går smørjinga lettare og tjøra trekker betre inn i veden. Tørketida på tjøra vil variere med tjørekvalitet, vær og temperatur og om tjøra er blanda med andre oljer, terpentin eller sprit. Under gode tilhøve kan tjøra tørke på 3-4 dagar, men det kan ta fleire veker om tilhøva er dårlege.

Merk at ein båt som har stått i naust heile vinteren og er tørr, vil tole å stå i sola for å smørjast. Ein båt som er vasstrukken, toler ikkje å stå i sola. Det er då fare for at båtborda sprekk opp grunna for hard tørking.

Tips: Om tjøra ligg utanpå veden og båten er godt smurt (ingen tørre flekkar). Men du synest båten ser matt og trist ut på våren. Då kan du vaske båten med vatn og grønsåpe, og deretter stryke over båten med raudsprit. Dette gjer yta på den tørre tjøra blank og fin. BILDE

Meir info om tjøre og tjørebehandling: www.arctandria.no (stell og vedlikehold av båt, seil og rigg), www.delebanken.no  (tradisjonelt vedlikehold av småbåter)

Olja/lakka båtar (Jotun Clipper 1 og 2)

Når båten er lakksleten:

  • Puss eller skrap rundt bare flekkar til du kjem inn på fast, bart treverk.
  • Olje treverket godt til det er metta, type olje avheng sjølvsagt av kva olje som er nytta tidlegare. Det er i alle høve viktig at olja trekk godt inn i treverket.
  • La olja tørke godt opp, gjerne i 2-3 dagar.
  • Om noko av olja har lagt seg utanpå treverket må det pussast med fint pussepapir og vaskast med avfettar.
  • Legg på 3-4 strøk med ny toppolje/lakk.

Ettersom tida går og båten vert brukt og slitt, må ein vurdere å pusse/skrape ned heile båten og olje og lakke på nytt. Då må alle plassar der olja/lakken er slitt vekk eller sleppt frå treverket pussast reine. Så må heile båten pussast og tørkast over. Flekkar med bart treverk må behandlast slik som i punkta over, før heile båten vert lakka/olja med 2-3 strøk toppolje.

Meir info om olje og lakk: www.jotun.com (hvordan utføre trepleie og lakkering av trebåt),

Måla båtar ( linoljemåling):

Oselvarar har tradisjonelt gjerne vore måla med lyse fargar (lys blå, lys grå, lys grøn eller eggeskalkvit) på innsida og smurt med tjære på utsida

Utsida vert då stelt som ein tjørebredd båt.

Linoljemålinga på innsida vil etterkvart byrje å kritte, vask då med salmiakkvatn (2 dl salmiakk til 10 l vatn, bruk hanskar og briller) og frisk opp målinga med eit tynt strøk med rein, kokt linolje. Linolja må herde i luftige omgjevnader i 3-7 dagar etter påføring.

Når linoljemålinga er slitt vekk må det målast på nytt. Meir informasjon om linoljemåling og bruk av denne: www.ottossonfarg.se, www.byggogbevar.no ( slik maler du med linoljemaling)

Nedanfor kjem eit utdrag frå «Kyrkjebåtar – Johannes Revheim»: 

«Dei gamle kunne stella båtane sine. Dei var særs redde for dei, både under bruken, og ved ikkje å la dei stå ute i all slags ver. Det å gå inn i båten og setja seg på rett vis (ikkje stiga ut i borda) var dei gamle særs nøgne på.» 

«Årar og tiljer vart tekne ut or båten. Tiljene vart ofte sett opp ved sida av han. Årane vart lagde på betane eller på krokar som var festa til veggen i naustet. Seglet vart og hengd opp til turkings. Roret fekk og sin plass.»

Frå artikkel av Peter Helland-Hansen, Hardanger Fartøyvernsenter:

I dag ligg robåtane oftast ute gjennom store delar av sommarhalvåret. Frå gamalt skulle båtane i naust når dei ikkje var i bruk. Straks etter at dei kom frå kyrkje, måtte båten vaskast på lunnane, og takast inn att i naustet. Han måtte stå godt og beint på kjølen så han ikkje vreid seg og vart skeiv. Båtane vart difor stødd opp med båtakrakkar mot band eller betar. Såleis heldt dei seg også lette til neste roferd og vart ikkje vassdrukne og unødig skjemd av vér og vind. 

Nyttige tips for gamle båtar:

  • Lekk båt? Sjekk saum i bord og kjøl.
  • Sprekkar? Små sprekkar kan tettast med truttning, Går det meir enn tre dagar før båten blir tett, når han ligg på sjøen, trengs det reparasjon. Midlertidig løysing kan være margarin (med mykje fett), eller fåretalg. Ein kan og bruke Farm som er eit asfaltprodukt. Store sprekkar bør fresast, og vidare lime inn spilar.
  • OBS: Bruk ikkje silikonbaserte tetningsstoff, det vil føre til råteskade.
  • Kan båten reddast? Sjå etter råte, alt som er råte i bør skiftast. Prøv med skrujern i treverket. Tar du med båten til Oselvarverkstaden kan båtbyggarane gje ein tilstandsrapport. Det koster kr 500,-
  • Skifte gamal saum? Hvis saumen sit fast, sett ny i mellom dei gamle naglane. Gå opp i dimensjon hvis du bruker samme hol til nye naglar.
  • Koppar og jern? Grunna galvaniske strømningar bør ein ikkje blande metall. Bruk samme type som er originalt i båten.
  • Rekksaum (saum i stavn som ikkje blir klinka). I hovudsak er rekksaum vanskeleg å få ut. Sett derfor ny saum i mellom.
  • Tetning mellom bordgangene? Olja eller tjøra bomullstråd, hamp eller lin.
  • Mellom skaringane kan du bruke material av naturfiber eller tjukt papir satt inn med oljebasert lakk eller tjøre.
  • Bunnsmøring? Bruk primer rett på treverk, deretter vanleg bunnstoff. På jernnaglar kan det være lurt å bruke primer/rustmaling før du tar på bummsmøring.