for å ta vare på båtbyggjarhandverket i samsvar med tradisjonar og strenge krav til kvalitet, og å føra båtbyggjarkunnskapen vidare til nye generasjonar ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar.
Oselvaren er klinkbygd (sideborda er klinka saman kant over kant) av tynne, svært breie bord. Først vert borda sauma opp mellom stamnar og kjøl, deretter vert band (spant) sett inn. Ein færing har tre bordhøgder på kvar side. Vyrket er furu. Til kjøl, lot, stamnar og keipar vert nytta eik.
Båtbyggjarens arbeid startar i skogen. Han må finna båt-furuer med grovt rotmål, og høveleg sjølvvaksen emneved for spanter, keipar osb. Ein særleg viktig detalj i konstruksjonen er halsane, dei «vindske», meir eller mindre trekanta borda som gjev båtbotnen form mot stamnane. Desse borda vart tradisjonelt hogne til med øks, men det har òg vore nytta damp og presser for å gje halsane form.
Oselvarverkstaden er ei stifting som Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag står bak. Føremålet er å ta vare på handverkskunnskapen, og både kommunen og fylkeskommunen yter heller store tilskot til drifta, slik at verkstaden kan bruka mykje tid på kunnskapsoverføring og -tileigning. Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. I dag er framleis dei to yngre båtbyggjarane og ein av dei gamle meistrane knytte til verkstaden. Fem lærlingar har hatt læretida si og teke fagprøven sin hos oss, to av dei er fast tilsette som båtbyggjarar. Lærling nummer seks er nett byrja. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.
Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Verkstaden har no 1,5 – 2 års leveringstid for nye båtar, og eit par månaders ventetid på større reparasjonar.
Sjøklar robåt kostar i 2012 frå kr 115 500 (pris opp til 10 alner = 5,65 m).
For seglbåt kjem rigg i tillegg med frå 35 000 til 40 000, alt etter storleik og kvalitet.
Færingar på 9 alner (5,10 m), 9 1/4, 9 1/2 og så vidare til 11 alner (6,20 m).
Seksæringar frå 11 til 13 alner. Også større båtar kan byggjast.