Vi treng fleire lærlingar


Vil du vera med å ta vare på tusen år med kunnskap og tradisjon? Til hausten treng Oselvarverkstaden fleire lærlingar. Vi kan tilby eit spanande og utfordrande fagmiljø, og søkjer etter deg som er kreativ og interessert i tradisjonshandverk.
Du må like å arbeide både i verkstaden og i skogen, du må vera engasjert, pliktoppfyllande og til å stola på.

Vi ser etter deg som har/beherskar:

– Norsk/skandinavisk/engelsk muntleg og skriftleg
– Fokus på detaljer og kvalitet
– Er praktisk anlagt
– Har godt humør og høg arbeidsmoral
– Er nøyaktig, effektiv og løsningsorientert
– Ønskjer utfordringar og fagleg utvikling

Vi kan tilby:

– Variert og fysisk arbeid i skog og på verkstaden
– Tett oppfølging og fagleg rettleiing
– Eit inkluderande arbeidsmiljø
– Ein triveleg arbeidsplass ved Oselvo i Os sentrum.
Læretida startar 1.september 2020

Søknad m/personleg brev, kopi av attestar og andre papir sendast til: post@oselvarverkstden.no – Søknadsfrist 1.mai 2020