Båtslakt

På Oselvarverkstaden er det tradisjon for å holde «båtslakt» når ein båt er ferdig. Dette går ut på at båtbyggaren først fortel om kva bruk båten er tenkt å høve til. Deretter går båtbyggaren gjennom kva ho/han sjølv synest om arbeidet, prosessen, handverket og skapet (fasongen). Det er viktig at både gode og dårlege sidar ved produktet og byggeprosessen kjem fram. Så får alle båtbyggarane og lærlingane kome med sine vurderingar og synspunkt.