Tett på kjeldene – eit seminar om tolkning av vikingbåtar frå 800 talet:

Råseilseminar 2022

Bygdøy 22 – 25. september: SKROG og RIGG frå 800-talet

Forrige helg dro ei lita gruppe frå Oselvarverkstaden til Maritimt Museum i Oslo. Seminaret, som vart arrangert i samarbeid mellom Viken kystlag og Forbundet Kysten, tok utgangspunkt i BåtLab’en (båtbyggjarane på museet) sitt prosjekt med å rekonstruere den store Gokstadbåten (femromsbåten) som står utstilt på museet. BåtLab’en vil lage ein ny modell og ein ny fullskalarekonstruksjon. Her er det et rimeleg stort spenn for ulike tolkningar, frå det smale og runde, til eit skrog med meir vidde og strekk.

Deltakarane fekk fri tilgang til den nyåpna båthallen. På sjøen utanfor museet var det nokre mindre tradisjonsbåtar og rekonstuksjonar som vi fekk prøve å rigge på ulike vis. I tillegg fekk vi ei rekke med spanande foredrag og seminarinnlegg frå ulike hald; båtbyggjarar, riggarar, arkeologar, historikarar, etnologar osv.