Oselvardagane er her igjen

Alle niandeklasse-elevane i kommunen skal i dei neste vekene få ein dag i oselvar. Tirsdag var det klasse 9B frå Nore Neset ungdomsskule som fekk prøva seg. Det såg ut til at dei kosa seg på ein blank og stille fjord. I dei tre neste vekene vil ein sjå oselvare på Bjørnafjorden nesten kvar einaste dag.

Oselvardagane vert arrangert av Geir og Baste Jonassen, Oselvarlaget, Os Rotaryklubb, Oselvarverkstaden og Bjørnafjorden kommune.