Oselvarfestivalen 2019

Oselvarfestivalen vart i år arrangert som ein del av Kulturminnedagane. Oselvarverkstaden hadde open verkstad, og i andre høgda hausta båtbyggjar Berit Osmundsen applaus og skryt for sitt føredrag om eit oppmålingsprosjekt verkstaden driv med, frå eit entusiastisk og interessert publikum. Mykje folk tor turen innom verkstaden og fekk omvisning av engasjerte båtbyggare. Utanfor, i parken mellom naustet og verkstaden, kunne ungane byggja sine eigne farkostar og prøve dei i små basseng som var sett opp for anledninga.