100 000 frå Fjordfondet til Oselvarverkstaden

F.v: Vidar Langeland frå Oselvarverkstaden, Lisbeth Eide frå Eidegrend og Berit Heltne frå Aquabio. (Foto: Ørjan Håland / Midtsiden)

Frå Kjetil Bruarøy, Midtsiden 11. november:

Under Bjørnafjord Konferansen 2021 fekk tre lokale bedrifter tildelt pengegåve frå Sparebanken Vest.

Regionleiar for bedrift i Sparebanken Vest, Margunn Minne, fortalte om banken sine visjonar og om tilbakeføring av overskot til samfunnet, på ein effektiv måte, via Agenda Vestland.

Banksjef i Sparebanken Vest Os, Benedikte Toftesund, fortalte om Fjordfondet:

– Midlene fra Fjordfondet går til nyskapande aktivitetar og omstilling. Eg vil takka næringsrådet og juryen for arbeidet med fondet, sa banksjefen då ho overrekte gåva.

Toftesund skildra søkarmassa som god, og seier dei gjerne skulle delt ut til fleire.

Midlane som Oselvarverkstaden fekk tildelt skal nyttast til finansiering eit stort, interaktivt 3D-prosjekt.

Les meir om saka i Midtsiden

Digital satsing i samarbeid med digitalbyrået Picapoint