Berit Osmundsen frå Oselvarverkstaden snakka om verkstaden som læringsarena Omlag 30 inviterte gjestar var samla i Oseana Anna Elisa Tryti heldt innlegg om korleis kunst og kultur skapar aktivitet i lokalmiljøet Per Gunnar Hettervik frå Norges Vel, var organisator og ordstyrar Lisbeth Iversen fortalte om korleis dei fekk Arendal til å blomstre Lisbeth Iversen, Trine Lindborg (ordførar i Bjørnafjorden kommune) og Anna Elisa Tryti
Korleis kan Oselvarverkstaden utviklast og vera med på å skape aktivitet i Os og trekkje turistar til Oselvarverkstaden og Bjørnafjorden?
Dette var utfordringa då vi inviterte til «idédugnad for Oselvarverkstaden i forrige veke. Lisbeth Iversen frå “Med hjarte for Arendal” og Anna Elisa Tryti frå Vestland fylke kom med spanande tankar kring kunst, kultur og tettstadsutvikling.
Gode krefter frå kulturliv, reiseliv, næringsliv og politikere frå Vestland fylke og Bjørnafjorden kommune var samla i Oseana for å tenke nytt rundt Oselvarverkstaden i Os sentrum.
Det kom fram mange idéar og forslag til korleis vi saman kan gjere det endå trivelegare på Osøyro. Dette skal danne grunnlag for vidare arbeid med å utvikle Oselvarverkstaden.