Prosjekt: Dei store oselvarane

Berit Osmundsen er båtbygger på Oselvarverkstaden og stipendiat ved Handverksinstituttet. Ho er no i gang med å bygga modell av ein åttring. Modellen skal bli grunnlag for ein båt i full skala, omlag 8 meter lang.

Berit skal «gå inn i » dei gamle seksæringane og åttæringane i båttradisjonen kring Bjørnafjorden. Ho skal sette seg inn i bruk og linjeføring, finne og forstå forholda som må stemme overeins i båten.

Etter 2. verdskrig har det mest blitt bygd færingar av denne båttypen. Difor er  mykje av kunnskapen kring dei større båtane ikkje lenger levande. Desse båtane vert bygd utan teikningar eller heilt faste mål, men innanfor eit munnleg og handlingsboren rammeverk overlevert frå eine generasjonen til neste. Hovudmålet er å finne rammeverket for båtar større enn færing. På den måten vil ho bli i stand til å bygge desse båtane, utan å bygge kopi av eksisterande båtar, men skape nye båtar i same tradisjon.  Med utgongspunkt i rammeverket, og måla merka av på gamle alnastavar, vil ho bygge ein åttæring.