Irisgården AS – ny støttespelar

Vi er særs glade for at Irisgården AS, som er vår næraste nabo, no er sponsor for Oselververkstaden. Tor og Christian Tellefsen overtok Irisgården i 2016 og har dei siste åra arbeidd med å pusse opp bygningen. Irisgården som er eit viktig signalbygg i Os innheld ein rekke firma og butikkar. Far og son Tellefsen set pris på arbeidet til Oselvarverkstaden og særs positive til det planlagte grindverksbygget i Oselvarparken. I forrige veke vart samarbeidet markert med overrekking av ein diplom og oselvar-modell. Juni 2018 gjekk óg Askeladden AS inn som støttespelar.

Frå venstre: Norvald Skåtøy (styreleiar), Ella Mørtsell (lærling), Vidar Langeland (dagleg leiar), Fredrik Meier (lærling), Christian Tellefsen (dagleg leiar Irisgården AS), Tom Tellefsen (styremedlem Irisgården AS), Leif Harald Amundsen (båtbyggar) og Stig Salbu Henneman (båtbyggar). Fotograf Berit Osmundsen