Oselvardagane 2018

Oselvardagane har blitt ein tradisjon her på Osøyro. Prosjektet er eit samarbeid med Oselvarverkstaden, Oselvarlaget og Os kommune. Kvar haust i månadsskifte august/september kjem alle niandeklassane innom verkstaden.

Vi har sett av to veker til dette og då får kvar klasse ein heil dag med oselvaren. Elevane samlast på Oselvarverkstaden og får ein kort omvisning og innføring i historia til oselvaren. Resten av dagen er dei i Oselvarnaustet og der får dei læra litt om knuter og etter kvart prøve seg på segling og roing i elva og på fjorden.

Leif Hetleflåt frå Oselvarlaget gjer instruksjon til elevane ombord i seglebåten «Truls»
Stig frå Oselvarverkstaden viser korleis ein lagar knuter til forskjellig bruk