Bygg nr 100 frå Oselvarverkstaden

Båt nr 100 skal bli verande i Os, berre ein kort rotur frå Oselvarverkstaden. Foto: Vidar Langeland

Artikkel av Kjetil Bruarøy, nettavisa Midtsiden:

Same år som Oselvarverkstaden blei bygd, kom brudeparet Dagmar Fosså Bunæs og Øystein Bunæs i land i ein lånt oselvar. I går fekk dei sin eigen – ein færing som er bygg nummer 100

– Det har blitt hundre båtar på desse første 23 åra, seier dagleg leiar Vidar Langeland.

Oselvarverkstaden sto ferdig i 1997, bygg nummer 100 var ferdig i oktober. Båten blei ferdig smurd og tørka før påske, i går var det overlevering.

– Det var tilfeldig at Dagmar og Øystein var kjøparar av akkurat denne milepælen av eit byggverk, og at det blei Leif Harald Amundsen som skulle bygga den.

Båtbyggar Leif Harald Amundsen har jobba ved verkstaden frå starten i 1997, og fekk æra av å bygga milepælen. Oselvarboka og ausefatet var med på kjøpet. Bygg 100 er ein 10,5 alen lang færing rigga for årer og tursegling.

Amundsen gjekk båtbyggarskule i Jondal frå 1989 og jobba hos Djupevåg i Norheimsund då han i 1997 blei blant dei første tilsette ved Oselvarverkstaden. 

Med alt frå hogst, sag og høvel har han hatt ei hand på dei fleste, kanskje alle, dei hundre båtane som har gått ut frå verkstaden. Men å få bygga den var noko for seg sjølv.

Rigga for årer og segl

– Ja dette var stas. Sjølv om vi bruker mal, blir kvar båt unik. Mykje blir tatt på augemål.

– Ein robåt er noko flatare, ein seglbåt er kvassare. 

– Bygg 100 er ein 10,5 alen lang færing rigga for både roing og tursegling, med eit kombinert skrog.

Øystein Bunæs, båtbyggjar Leif Harald Amundsen og Dagmar Fosså Bunæs fekk og overlevert den nye oselvaren og boka Oselvar, den levande båten. (Foto: Vidar Langeland)

Nytt naust – ny båt – ny lærdom

Kjøpar Dagmar Fosså vaks opp med kjekke stunder i familien sitt naust i Mobergsvikjo. Der låg ein oselvar, men den var øydelagt.

– Då naustet blei fornya blei vi einige om at vi òg skulle skaffa oss ein ny oselvar, seier Darmar på vegne av seg og ektemannen Øystein.

Ho fleiper når ho seier at han vaks opp med å segla på Mjøsa, Bunæs budde i Skedsmo og testa seglbrett på Øyeren og i Oslofjorden før han flytta til kona si heimbygd.

– Det er òg einaste seglerfaringa eg har. Eg har fanga vind før, men det å segla oselvar blir nytt for oss.

Å ro oselvar er ikkje nytt. Dagmar og Øystein fekk same etternamn i 1997. Turen frå Os kyrkje til festen i Oselvarnaustet gjekk i oselvar, innom ei grunne og oppunder land ved nybygde Oselvarverkstaden – der eit jazzband sto og spelte.

– Det var fint vêr då, midt i ein knallgod sommar, og vi er heldige som har strålande sol i dag! seier Dagmar før den korte roturen heim frå Os hamn til naustet i Mobergsvikjo.

Oselvarverkstaden skal levera fire nye båtar før ferien, i tillegg til bygg 100, som sto ferdig i fjor. Så ventar ein sommar med hogst og trearbeid så dei har emne til dei neste 100 eksemplara av nasjonalbåten.