Oselvardag på Sjøfartsmuseet

Båtbyggjar Stig Salbu Henneman frå Oselvarverkstaden svara spørsmål kring reparasjonar av oselvar

Søndag 19.februar inviterte Oselvarklubben og Bergen Sjøfartsmuseum til Oselvardag på museet. Det var stor interesse rundt oselvarene som var satt opp i utstillinga. Båtbyggjar Stig Salbu Henneman frå Oselvarverkstaden svara på alle slags spørsmål kring reparasjonar, bytting av av trenaglar, skraping, klinking og reparasjon av bordsprekker. Det vart og demonstrasjon av, og mulighet for å prøve, ulike teknikkar og verktøy. Publikum fekk gode råd til opprigging med både turrigg og regattarigg. Primusmotor, ildsjel og forfattar av boka om Oselvaren, Kjell Magnus Økland, heldt foredrag og svara på spørsmål frå dei frammøtte.

Kjell Magnus Økland i prat med publikum.
Det finns fleire måter å rigga ein oselvar.