Fredrik reiste over 1.500 km for å byggja oselvar (Sak frå Os og Fusaposten)

Tradisjonsrikt: Meier og Mørtsell jobbar vidare med stokkar dei har vore med og hogd sjølv, og er med på heile prosessen av båtbyggjinga.

Gamal tradisjon fengjer også unge, og engasjementet er stort når ein reiser over landegrenser for å ta vare på båtbyggjar-tradisjonen.

Borghild Kvæven, Os og Fusaposten

Publisert: 10.03.2020 20:00 

Sponet sprutar frå saga Fredrik Meier drar gjennom eit massivt tre. Med observant blikk følgjer han med medan han sagar av øvste del av treet som etter kvart skal bli ein del av ein båt.

Svært få båtar blir laga på dette viset i dag, og det er noko av grunnen til at Meier reiste frå heimlandet Nederland for å kunna jobba med lidenskapen sin.

– Me får vera med i heile prosessen, frå å hogga treet til siste finish, seier Meier.

– Det er utrulig spennande å få ta del i alt, og slik får me gjort utruleg mykje forskjellig også, held han fram.

Meier er verken frå Noreg eller har gått noko som kan vera beslekta til båtbygging på vidaregåande. Han kjem frå Maastricht i Nederland og gjekk studiespesialisering. Korleis enda han då opp i Os, kan ein lura på.

– Eg visste ikkje kva eg ville, så eg valde å gå på ein folkehøgskule i Trøndelag på ei båtbyggarlinje, seier Meier, som alltid har vore interessert i båtbygging.

Då han såg at dette var noko han gjerne ville satsa meir på, søkte han som lærling og fekk lærlingplass hos Oselvarverkstaden.

– Det er ikkje så mange plassar som tilbyr denne jobben, og spesielt ikkje på denne måten, seier Meier.

Han forklarar at det var viktig for han å vera med på heile prosessen i båtbygginga, noko Oselvarverkstaden er kjend for.

Men Meier er ikkje den einaste som har kome langvegs frå for å jobba i Oselvarverkstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ella Mørtsell er nyleg ferdigutdanna båtbyggjar etter to og eit halvt år som lærling på Oselvarverkstaden. Ho kjem frå Gratangen i Troms, og enda, til liks med Meier, opp i Os på grunn av interessa for båtbygging.

Starten av ein oselvar: Fredrik Meier og Ella Mørtsell fjernar barken av det som til slutt skal bli ein del av ein oselvar. Foto: Borghild Kvæven

Allsidig

– Dette er ein del av den norske tradisjonen som dei var heilt avhengige av før, seier Mørtsell.

Ho synest det berre skulle mangla at ein held på tradisjonane, og er svært nøgd med å få jobba med å ta vare på ein så viktig tradisjon.

Klinkbåttradisjonen, som Meier forklarer er det dei gjer, stammar tilbake frå vikingtida.

Både Meier og Mørtsell meiner dette arbeidet er meir allsidig enn ein kanskje skulle tru.

– Du lærer svært mykje om heile prosessen, og også mykje spesifikke ting som å læra å velja ut tømmar ved å bedømma kvalitet, og å utnytta stokken, seier Meier.

Det er lett å sjå engasjementet når han startar å forklara korleis ein kan sjå om treet er rett og korleis ta vare på det.

– Det er vanskeleg å vita om ein kan jobba med dette resten av livet, men det kan brukast til mykje anna også, seier Meier om utdanninga.

– Det er mange som går inn i husbygging, trearbeid eller møblar, held han fram.

Oselvarverkstaden får inn ny lærling i september, og håpar å halda fram med å ha ein til to lærlingar heile vegen, slik Meier og Mørtsell har vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mørtsell er ferdig med fagbrevet og har jobb fram til september ved Oselvarverkstaden.

Begge håpar fleire kan få same engasjementet og interessa som dei for denne viktige og spennande tradisjonen.