Ny bok om historia til Oselvarverkstaden

Føreord i boka:

Då Oselvarverkstaden kom i gang, nådde han nett så vidt i halen på den mange hundreårige båtbyggjar-tradisjonen i Os. Det fanst framleis dei i Os som kunne handverket, men det var ingen att i bygda som levde av å byggja oselvarar. Heldigvis fanst det framleis to, ein på Våge og ein på Storebø, som heldt faget i hevd og som levde av det. Såleis kunne Oselvarverkstaden gjera nytte av denne kunnskapen, som var overført frå genera- sjon til generasjon i ei ubroten lenkje gjennom mange hundre år, og føra den stolte tradisjonen vidare.

Etter 25 år samlar me soga så langt mellom to permar. Frå ein noko usikker start på eit dristig prosjekt har Oselvarverkstaden utvikla seg til eit solid tiltak som nyter stor vørdnad både inn- anlands og utanlands. Ein verkstad som byggjer båtar og held handverkskunnskapen i hevd, eit senter som byggjer kunnskap som vert formidla til nye båtbyggjarar, og til dei som elles er interesserte. Det er det denne boka handlar om.

Eg som skriv boka har vore svært nær knytt til verkstaden, som dagleg leiar gjennom 19 av dei 25 åra. Det har sine sider. På den eine sida har eg vore tett på mange av hendingane, og har såleis gode føresetnader for å skildra dei levande og detal- jert. Men det kan òg gjera det utfordrande og halda nøktern avstand til stoffet, som eg som sogeskrivar helst skal gjera, eg er trass alt medansvarleg for soga eg skal skildra. Det eg kan slå fast er at det som står i boka er ei sann soge, jamvel om ein uhilda historikar sikkert ville vald nokre andre vinklar her og der enn det eg har gjort.

Gjennom arbeidet med boka har eg hatt eit nært samarbeid med dagleg leiar på Oselvarverkstaden, Vidar Langeland, både som kritisk manuslesar og som fagmann på fotoredigering. Det er han som står for utforminga av boka, og han har elles bidrege med mange bilete. Båtbyggjarane på verkstaden har òg kome med verdfulle innspel, som har gjort boka betre.

Os, februar 2022 Åsmund Lien