Osterøy Turlag – tradisjonsbåtprosjekt

Eldsjelene bak tradisjonsbåtprosjektet på Osterøy: Frå venstre: Trond Lillejord, leiar i Osterøy Turlag saman med Lars Fjeldstad, Tony Lillefosse og Jørgen Varden. Dei tre sistnevnte er i prosjektgruppa. Biletet er teke ved padlenaustet i Raknesvågen på Osterøy. Privat foto.

Oselvarverkstaden har fått bestilling på to oselvar-seksæringar frå Osterøy Turlag. Seksæringane skal leverast våren 2023 og blir første del av eit lengre samarbeid. I neste runde skal båtbyggjarane på Oselvarverkstaden studere Ostrabåten og Nordhordlandsbåten. Dette er to båttyper som ingen bygger i dag. Hvis vi får nødvendig økonomi i prosjektet er planen å bygge ein Ostrabåt. Dette skriv Osterøy Turlag om prosjektet:

Osterøy Turlag sitt tradisjonsbåtprosjekt er innretta mot friluftsliv i fjordsystemet rundt Osterøy. Robåtar har stor kulturhistoriske verdi for øysamfunnet der ferdselsvegen var fjorden i hundrevis av år. Turlaget følgjer opp DNT sitt mål om å vera ein formidlar og tilretteleggjar av naturoppleving og kulturarv. 

Prosjektet vil i startfasen vera å få bygd to seksæringar ved Oselvarverkstaden i Os. Båtane vert klargjort for segling og bygd etter kunnskap og tradisjonar som er på UNESCO si liste over kulturarv. Prosjektet omfattar også restaurering av ein åttring frå 1800-talet. Båten gjorde teneste som ein av mange kyrkjebåtar for folk på Lindåshalvøya som måtte koma seg over fjorden til Hamrekyrkja. 

Målet er å læra ungdom i alle aldrar koordinert og effektiv roing og oppleva segling. Spesielt vil ungdom og vaksne med nedsett funksjonsevne få ei positiv meistringskjensle i robåt. Familiar og grupper kan leige båt og dra på rotur.

Innan 1000-års jubileet for Hamre som kyrkjestad i 2024 skal båtane vera i drift med mannskap som har fått opplæring.

Turlaget vonar å finna lokalisering slik at skular og andre får enkel tilgang. 

På sikt ønskjer Oselvarverkstaden å skaffa seg kunnskap om bygging av Ostrabåt og Nordhordlandsbåt. Utforming og detaljar finn ein døme på i naust innover i Osterfjorden. Neste båtkjøp i prosjektet bør vera Ostrabåt.