Ledig læreplass frå 1. mars 2021

Vil du vera med å ta vare på tusen år med kunnskap og tradisjon? Til våren treng Oselvarverkstaden fleire lærlingar. Vi kan tilby eit spanande og utfordrande fagmiljø, og søkjer etter deg som er kreativ og interessert i tradisjonshandverk.
Du må like å arbeide både i verkstaden og i skogen, du må vera engasjert, pliktoppfyllande og til å stola på.

Vi ser etter deg som har/beherskar:

— Norsk/skandinavisk muntleg og skriftleg
— Fokus på detaljer og kvalitet
— Er praktisk anlagt
— Har godt humør og høg arbeidsmoral
— Er nøyaktig, effektiv og løsningsorientert
— Ønskjer utfordringar og fagleg utvikling

Vi kan tilby:

— Variert og fysisk arbeid i skogen og på verkstaden
— Tett oppfølging og fagleg rettleiing
— Eit inkluderande arbeidsmiljø
— Ein triveleg arbeidsplass ved Oselvo i Os sentrum.

Søknad m/personleg brev, kopi av attestar og andre papir sendast til: post@oselvarverkstaden.no — Søknadsfrist 1. desember 2020