Vinnaren er kåra

Stig Henneman overekk premien til Knut-Leandar Alfheim (7 år)

Knut-Leandar Alfheim (7 år) vart den heldige vinnar av konkurransen vår. Premien er ein flott oselvar-modell.
I samband med ope hus og juleverkstad sist laurdag hadde vi ei lita konkurranse der publikum skulle sette namn på alle delane i ein oselvar. Dette var ikkje lett, men nokre hadde funne alle rette namn. Knut-Leandar fortel at han lette høgt og lavt etter svara. Nokre plansjar med namn fant han på do og andre i utstillinga, og nokre på ein skjerm. Etter iherdig innsats klarte han til slutt å finna alle svara. Vi gratulerer Knut-Leandar med premien.

Båtbyggar Stig Henneman fortel om arbeidet sitt.

 

 

 

Knut-Leandar Alfheim fekk ei lita omvisning av båtbyggarene på Oselvarverkstaden