Oselvaren

Oselvaren er klinkbygd (sideborda er klinka saman kant over kant) av tynne, svært breie bord. Først vert borda sauma opp mellom stamnar og kjøl, deretter vert band (spant) sett inn. Ein færing har tre bordhøgder på kvar side. Vyrket er furu. Til kjøl, lot, stamnar og keipar vert nytta eik.

Teikning: Bernt Kristiansen

Båtbyggjarens arbeid startar i skogen. Han må finna båt-furuer med grovt rotmål, og høveleg sjølvvaksen emneved for spanter, keipar osb. Ein særleg viktig detalj i konstruksjonen er halsane, dei «vindske», meir eller mindre trekanta borda som gjev båtbotnen form mot stamnane. Desse borda vart tradisjonelt hogne til med øks, men det har òg vore nytta damp og presser for å gje halsane form.