Oselvar til sals

Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Verkstaden har normalt 1 –1,5 års leveringstid for nye båtar, og 6 – 12 månaders ventetid på større reparasjoner.

Sjøklar robåt kostar i 2020 frå kr 122 875 (æring frå 4,30 til 5m). For seglbåt kjem eit tillegg på kr 59 – 75 000, alt etter storleik og kvalitet. Vi byggjer båter i alle storleikar, æring (eit par årar), færing (to par årar), seksæring (tre par), åttring (fire par), tiæring (fem par) og tolværing (seks par årar). Husk at lengda blir målt innvendig, ytre lengd blir omlag  20 cm lengre enn måla som er oppgitt. Her finn du prislista for 2020.