Oselvarfestivalen 2018

Båtbygginga utanfor Oselvarverkstaden blei høgdepunkt for mange sist laurdag. Mens dei yngste var opptekne med å byggja seg båt, tok dei litt eldre ein tur innom verkstaden. Her fekk dei sjå film, litt kaffi og dei som ville kunne slå av ein prat med båtbyggarane. I oselvarhopen lå oselvarene på rekke og rad, her kunne dei som ville få seg ein rotur.

Her kan du lese meir om Oselvarfestivalen

Arrangementet er ein del av Kystsogevekene og eit samarbeid mellom Os kommune, Oselvarlaget og Oselvarverkstaden.