To seksæringar til Kvernbit IL

IL Kvernbit, ro og seglgruppe har tinga to seksæringar frå Oselvarverkstaden. Ein «seksæring» er ein oselvar med tre par årer. Båtane skal brukast som turbåtar, til segling og roing innan idrettslaget og elles for barn og unge i undervisningssamanheng i skulane Alver kommune. IL Kvernbit  arbeider no for å etablera fellesnaust i Flatøyosen til båtane.  Prosjektet er støtta med tilskott frå Forbundet Kysten og Sparebankstiftelsen DNB.

På bilete ser du «Oselvo» som vart bygd ved Oselvarverkstaden i 2011. Dette var den første «seksæringen» Oselvaverkstaden fekk bygd.

Neste år skal vi i gong med bygging av to oselvare i denne storleiken. Foto: JanPetter Svendal / Nytt i Os