Ella og Fredrik, dei nye lærlingane våre

Ella Mørtsell
Ella på tur i fembøring

Mange var interessert i lærlingplassane som vi lyste ut i vår, og det vart vanskeleg å berre velge ein. 1.september starta Ella og Fredrik læretida si.

Ella Mørtsell er 18 år og kjem frå Gratangen i Troms. Ho vaks opp med ei mor som segla fembøring, ein nordlandsbåt på ca 45 fot. Ella har difor eit nært forhold til sjø og båtliv. Ella er interessert i kunst og på fritida likar ho å teikne og måle. Heimplassen til Ella ligg i nærleiken av Nordnorsk Fartøyvernsenter i Gratangen. Dette er vel ein av grunnane til at Ella no er fast bestemt på å bli tradisjonsbåtbyggar.

– Det er alltid mykje å lære innen trebåtbyggarfaget, det finns så mange typar tradisjonsbåter og så mange ulike teknikkar, seier Ella. I skuleåret 2016/17 gjekk ho smedlinja ved Handverksskulen på Dovre, det var der ho fekk tips om at det var ein ledig læreplass ved Oselvarverkstaden.

Fredrik Meier

Fredrik Meier kjem frå Sveits, han er 21 år. Fredrik er norsk statsborger, men har bakgrunn frå Tyskland, Nederland og Sveits. Han snakkar flytande norsk og har stor interesse for handverk og trearbeid. Skuleåret 2016/17 var han elev ved båtbyggarlinja på Fosen Folkehøgskule, det var her han fekk høyra om Oselvarverkstaden. Fredrik er óg interessert i all slags friluftsliv og brasiliansk Jiu-Jitsu.

– Yrket som båtbyggar er ein fin blanding av det praktiske og teoretiske, seier Fredrik. – Når ein byggar båt utan teikning, treng ein mykje innsikt i korleis treet responderer og korleis båten beveger seg i sjøen. – Du er med i heile prosessen frå skog til ferdig båt. Noko som gjer at ein får bruka seg både mentalt og fysisk.