Bli vår støttespelar

 Oselvarverkstaden får i dag økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune og Os kommune, men vil óg ha næringslivet med på laget, og inviterer difor til dugnad:

Oselvaren har ein unik posisjon i Os kommune, og har kanskje vore det viktigaste elementet for å fremme Os Inspirerer. Oselvaren og Oselvarverkstaden vil òg bli viktig for å sette den nye Bjørnafjorden kommune på kartet. Oselvarverkstaden vil ha lokale krefter med på laget, og inviterer difor til dugnad:

Næringsliv og private i den gamle kommunen (Os), og forhåpentligvis i den nye kommunen (Bjørnefjorden), er stolte av Oselvaren, og vil kanskje ha eit ønske om å kunne assosiere sine verksemder og seg sjølv med denne historiske kulturskatten – som denne båten og handverket er.

Askeladden Boat og Irisgården AS signert i 2018 ei treårig avtale om støtte og samarbeid med Oselvarverkstaden. Støtta skal nyttast til formidling.

Askeladden

Askeladdens DNA bygger på tusen års båtbyggertradisjon. Henrik J. Askvik grunnla Askeladden-eventyret i 1911 på samme sted som tredje generasjon Askvik i dag har sitt daglige virke og hovedkvarter. Henrik J. Askvik startet med å bygge det som nå er Norges nasjonalbåt, Oselvaren, som har tradisjoner over tusen år tilbake i tid. Henrik J. Askviks sine sønner var senere blant de aller første i Norge som i 1957 tok i bruk det nye byggematerialet glassfiber armert polyester i produksjon av båter.

Irisfabrikken/Irisgården

Irisfabrikken sto ferdig i 1953 og namnet er egentlig litt misvisande. Det var Rundveveriet som bygde og dreiv virksomhet i bygningen. Iris var varemerket til Rundveveriet. I dag er funkisbygget ved Oselvo eit landemerke som inneheld alt frå Lensmannskontor til Vinmonopol. Irisgården er vår nærmaste nabo og vi på Oselvarverkstaden er særs glade for at dagens eigare vil være med å støtte oss.

Slik kan du være med å støtta oss:

  • Hovudsponsor får sin logo med undertittelen «Hovudsponsor» på opningssida www.oselvarverkstaden.no
  • Får sin eigen logo på ei eiga sponsorside under www.oselvarverkstaden.no
  • Sponsoren får gratis omvisning for kunder og eigne tilsette
  • Hovudsponsor får høve til å laga eigen sponsorlogo og tilknyting på eiga heimeside
  • Hovudsponsor får ein skalamodell av Oselvaren til utsmykking av eiga verksemd
  • Ramma hovudsponsorbevis som dei kan henge opp i eiga verksemd
  • Plass på sponsorskjerm som heng på Oselvarverkstaden

 

Som næringslivssponsor 1 får di bedrift desse fordelane.

  • Sponsor får sin egen logo på egen sponsorside under www.oselvarverkstaden.no
  • Sponsor får høve til å laga eigen sponsor-logo og tilknyting på eiga heimeside
  • Sponsor får eit ausekar til utsmykking av eiga verksemd
  • Ramma sponsorbevis som dei kan henge opp i eiga verksemd
  • Plass på sponsorskjerm som heng på Oselvarverkstaden

 

Som næringslivssponsor 2 får di bedrift desse fordelane.

  • Sponsor får sin egen logo på egen sponsorside under www.oselvarverkstaden.no
  • Sponsor får høve til å laga eigen sponsor-logo og tilknyting på eiga heimeside
  • Ramma sponsorbevis som dei kan henge opp i eiga verksemd
  • Plass på sponsorskjerm som heng på Oselvarverkstaden

Ta kontakt!