Bli med inn i ein virtuell båtbyggjarverkstad

Måndag 7. november lanserte vi storsatsinga som vi har jobba med det siste året. Dette er ein virtuell båtbyggarverkstad der ein får prøve seg på ymse oppgåver innan båtbyggjarkunsten.

På bildet ser vi Ragnhild frå Bjørnafjorden kommune som kilekløyvar ein furustokk. Foreløpig er det berre på Oselvarverkstaden ein får prøve spelet, men på sikt vil ein få anledning til å spele uansett kor ein er i verda.

Prosjektet er utvikla av Digitalbyrået Picapoint, i tett samarbeid med båtbyggjarane. Utviklinga av spelet er støtta av Norsk Kulturråd og ein rekke lokale sponsorar.

Du kan lese meir om satsinga her (abo): Os og Fusaposten og Midtsiden

Digitalbyrået Picapoint på besøk under planlegging og utvikling av VR-opplevinga