Oselvar til sals

Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Verkstaden har normalt 1 –1,5 års leveringstid for nye båtar, og 4-6 månaders ventetid på større reparasjoner.

Sjøklar robåt kostar i 2017 frå kr 130 000 (opp til 10 alner = 5,65 m). For seglbåt kjem eit tillegg på kr 45 – 50 000, alt etter storleik og kvalitet. Vi byggjer båter i alle storleikar, æring (eit par årar), færing (to par årar), seksæring (tre par), ottring (fire par), tiæring (fem par) og tolværing (seks par årar).