Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden er ei stifting som Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag står bak. Føremålet er å ta vare på handverkskunnskapen, og både kommunen og fylkeskommunen yter tilskot til drifta, slik at verkstaden kan bruka mykje tid på kunnskapsoverføring og tileigning. Siste nytt frå verkstaden finn du på Facebook

Flyfoto over Osøyro. Oselvarverkstaden ligg i sentrum, like ved brua som går over Oselva.

Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. Seks lærlingar har tatt fagprøven sin hos oss, tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggjarar på Oselvarverkstaden. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.

Fagleg leiar Berit Osmundsen og båtbyggar Stig Henneman vølar ein gamal oselvar.

I og med at tradisjonen har vore ubroten så lenge er heile den gamle kunnskapen intakt. Båtbyggjarane våre kan truleg meir om tradisjonell småbåtbygging enn nokon andre i landet, og Oselvarverkstaden er truleg fremste kompetansesenteret i Europa på klinkbygde tradisjonsbåtar. Verkstaden har styredeltaking frå viktige institusjonar som Norsk handverksutvikling og Vikingskipshuset i Oslo, og gjennom eit fagråd har me knytt til oss kompetanse m.a. frå Hordamuseet og Hardanger Fartøyvernsenter. Me samarbeider også med Vikingeskibsmuseet i Roskilde, og har slutta oss til nettverket «Artisan in Work» (tidlegare Economuseum), dette er ei samling av bedrifter som driv tradisjonelt handverk på høgt nivå.

Båtbyggjarane på Oselvarverkstaden fyller ca. 3,5 årsverk. I tillegg kjem to lærlingar. Ved nyttår 2018 har verkstaden bygd over 90 båtar. Verkstaden har ein sunn økonomi, men det krev heile tida ei nøktern drift.

Verkstaden har ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale. Les meir om besøk hos oss på denne sida.