Vedlikehald

  • Lekk båt? Sjekk saum i bord og kjøl.
  • Sprekkar? Små sprekkar kan tettast med truttning, Går det meir enn tre dagar før båten blir tett, når han ligg på sjøen, trengs det reparasjon. Midlertidig løysing kan være margarin (med mykje fett), eller fåretalg. Ein kan og bruke Farm som er eit asfaltprodukt. Store sprekkar bør fresast, og vidare lime inn spilar.
  • OBS: Bruk ikkje silikonbaserte tetningsstoff, det vil føre til råteskade.
  • Kan båten reddast? Sjå etter råte, alt som er råte i bør skiftast. Prøv med skrujern i treverket. Tar du med båten til Oselvarverkstaden kan båtbyggarane gje ein tilstandsrapport. Det koster kr 500,-
  • Skifte gamal saum? Hvis saumen sit fast, sett ny i mellom dei gamle naglane. Gå opp i dimensjon hvis du bruker samme hol til nye naglar.
  • Koppar og jern? Pga galvaniske strømningar bør ein ikkje blande metall. Bruk samme type som er originalt i båten.
  • Rekksaum (saum i stavn som ikkje blir klinka). I hovudsak er rekksaum vanskeleg å få ut. Sett derfor ny saum i mellom.
  • Tetning mellom bordgangene? Olja eller tjøra bomullstråd, hamp eller lin.
  • Mellom skaringane kan du bruke material av naturfiber eller tjukt papir satt inn med oljebasert lakk eller tjøre.
  • Bunnsmøring? Bruk primer og/eller rustmaling på naglane (for å dempe korrosjon), deretter vanleg bunnstoff, dette for å unngå makk.