Unesco

Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er oppført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv

Vedtaket vart gjort på UNESCOs mellomstatlege komitémøte, torsdag 1. desember 2016 

Maik Riebort arbeider i verkstaden. Foto: Vidar Langeland

00448-med

Oselvaren er ein klinkbygd trebåt frå Hordaland som har vakse fram etter ei utvikling over fleire tusen år. Han har tradisjonelt vorte nytta som bruksbåt og til moderne kapproing og kappsegling sidan 1800-talet. Det er ikkje sjølve båten, men kunnskapen om å byggje og bruke han, som vert verna.  Stiftinga Oselvarverkstaden i Os i Hordaland er einaste staden det vert bygd Oselvarar i dag.

Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet, gratulerer Oselvarverkstaden med nominasjonen.  – Dette er svært gledeleg for alle som er opptekne av båtbygging og tradisjonshandverk i Noreg, og eg trur utnemninga kan føre til auka kunnskap om korleis ein kan arbeide med å  vidareføre immateriell kulturarv, seier Danielsen. På bakgrunn av Kulturrådet si tilråding, fremja Kulturdepartementet dette nominasjonsforslaget for UNESCO i mars 2015.

Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen 

Avgjersla inneber ei viktig anerkjenning  av Oselvarverkstaden, som i mange år har arbeidd for å vidareføre kunnskap omkring båtbygging generelt og Oselvarbåten spesielt. I dei siste åra har dei lagt aukande vekt på at miljøet rundt sjølve verkstaden er kunnskapsrike og at dette er viktige støttespelarar og pådrivarar for utviklinga ved verkstaden. Nominasjonsforslaget handlar derfor om både Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen.

Oselvarverkstaden har sjølv arbeidd med å skrive nominasjonsforslaget, og har også fått støtte av norske NGOar i prosessen.

I oktober 2016 vart det i tillegg gitt ut ei bok om båten og Oselvar-kulturen. Forfattar er Kjell Magnus Økland. Dette er eit viktig bidrag i eit langsiktig arbeid med å formidle kunnskap om båten, om aktiviteten ved verkstaden, bruken av båten og Oselvar-kulturen.

seilbaat

Foto: Vidar Langeland

Anerkjenning for tradisjonshandverk i Noreg

– Innskrivinga er også ei viktig anerkjenning for lokalsamfunnet med Os båtbyggjarlag og Os kommune i spissen, men også for Hordaland fylkeskommune som aktivt har støtta og fremja arbeidet ved verkstaden. Dette er også ei viktig utnemning for alle som arbeider med tradisjonshandverk i Noreg, seier Danielsen.

Den norske UNESCO-kommisjonen gir følgende forklaring på immateriell kulturarv: «Språk, utøvende kunst, sosiale skikker, tradisjonelle håndverksferdigheter, ritualer, kunnskap og ferdigheter knyttet til naturen er eksempler på immateriell kulturarv».

Den immaterielle kulturen har på grunn av sin egenart fortonet seg som usynlig i forhold til den materielle kulturarven, men ble gjennom UNESCO gjort til et spesielt hovedsatsingsområde. I globalt perspektiv er immateriell kulturarv ikke bare viet oppmerksomhet, men også atskillige bekymringer med hensyn til alle muntlige kulturtradisjoner og kulturelle kunnskaper som daglig forsvinner fra det menneskelige repertoar.

Konvensjonen skal legge grunnlaget for en mer målrettet og systematisk innsats for å dokumentere, bevare og fremme immaterielle kulturuttrykk som muntlige fortellergenre, ritualer og skikker, dans, musikk, kunnskaper om tradisjonelt håndverk, osv., både nasjonalt, i forbindelse med kulturmøter, dvs. gjennom satsingsfeltet mangfoldige minner, og gjennom internasjonale prosjekter rettet mot utviklingsland.

Oselvarverkstaden er det første elementet som er skrevet inn på UNESCOs fortegnelser over immateriell kulturarv fra Norge og Norden. Inskripsjonen viser til at Oselvarverkstaden er spesielt gode i arbeidet med kunnskapsforvaltning, videreføring av håndverkskunnskap, og ikke minst en forbilledlig lokal forankring.

Gode vernemetodar rundt om i verda

Av UNESCO sine tre lister ser Kulturdepartementet på denne lista som den viktigaste reiskapen for å vidareføre immateriell kulturarv. På denne lista får ein informasjon om gode vernemetodar rundt om i verda og folk kan dermed få innblikk i prosessen rundt dette arbeidet. Dette er et viktig prinsipp i arbeidet med konvensjonen.

Det er i dag (1. des 2016) 15 innføringar på denne lista, frå fleire land i Sør-Amerika,  Asia og Europa. Innføringane omtalar ulike tiltak som sikrar at ulike tradisjonar blir vidareført og fleire bidrag omhandlar arbeid med  barn og unge. Andre bidrag omtalar ulike prosessar i arbeidet med å vidareføre tradisjonar:  Til dømes omtalar Belgia eit målretta arbeid  for å sikre at klokkespeltradisjonen blir vidareført. Metodane kan enkelt nyttast av andre land og i arbeid med å vidareføre ulike type kulturuttrykk. Frå Sør-Amerika får vi kjennskap til eit overnasjonalt samarbeid  mellom Bolivia, Peru og Chile. Dei fortel om eit konkret  samarbeidsprosjekt som skal  sikre at Aymaraene, som er ei urbefolkningsgruppe, kan oppretthalde og vidareføre sin tradisjonelle kunnskap. Vidareføring av kunnskap og dugleik er eit kjernepunkt i denne konvensjonen og denne lista er med å spreie informasjon om gode tiltak og metodar som kan bidra til å sikre merksemd om desse prosessane rundt om i verda. Sjå lista: http://www.unesco.org/culture/ich/en/lists