Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden ligg ved Oselvo i Bjørnafjorden kommune. Her tar vi vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av Oselvarbåten. I 2016 vart båten og tradisjonen ført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Verkstaden er open for publikum alle kvardagar.

Siste nytt frå verkstaden finn du på Facebook

Flyfoto over Osøyro. Oselvarverkstaden ligg i sentrum, like ved brua som går over Oselva.

Oselvarverkstaden starta opp i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsett på den nyoppstarta verkstaden. To yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd denne båttypen før vart samstundes engasjert. Oselvarverkstaden er i dag ein godkjent lærebedrift og fleire båtbyggjarar har teke fagprøven sin her. Tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggarar på Oselvarverkstaden. Båtbyggarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 300 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon.

Tradisjonen som kom heim att

Av Åsmund Lien

Osøyro kring 1890. Tøsdalsnausta ligg omtrent midt i bildet

Ein kan stilla spørsmålet: Er oselvaren frå siste delen av 1700-talet ei vidareføring av ein Os-tradisjon, eller er det ein byggjemåte dei to Tøsdals-karane hadde lært seg ein annan stad? Eitt spørsmål er kvar dei to lærde handverket. Det kan ha vore i Os, båtbygginga hadde ikkje lege lenger nede enn at dei kunne nådd i folk som kunne handverket, og me veit heller ikkje om det har vore heilt ute. Like – og kanskje meir sannsynleg er at dei har lært det i Fusa eller på Tysnes, der dei hadde ført vidare den båtbygginga og den tradisjonen som også Os var ein del av eit par generasjonar tidlegare. Me kan ikkje sjå bort frå at dei også kan ha vore andre stader. Både i Strandebarm og i Austevoll vert det fortalt at Tøsdals-mennene hadde vore og lært å byggja båtar, men sikre kjelder for noko av dette finst ikkje.

Samkvemet mellom bygdene kring Bjørnefjorden har vore omfattande. Båtbyggjarane der bygde båtar for den same marknaden, både innanlands og utanlands, dei høyrde til det same båtbyggjarmiljøet og det ville undra oss mykje om det var store skilnader mellom båtane som vart bygde i desse bygdene. Om Lars og Jørgen Tøsdal reiste over fjorden for å læra båtbyggjarhandverket, tok dei truleg med seg heim att ein tradisjon som var mykje lik den som hadde funnest i bygda nokre tiår tidlegare. Kort sagt: Me held det for sannsynleg at det var liten eller ingen skilnad på båtbyggjartradisjonen Bjørnefjordsbygdene i mellom på 1600-talet og tidlegare, og at det var denne tradisjonen Tøsdals-karane førte vidare då dei tok opp att handverket etter 1750. Om tradisjonen var ute i Os eit bel så levde han likevel vidare andre stader, og same tradisjonen kunne berre hentast heim att. Dette vert også understøtta av at byggjemåla som har vore brukte i generasjonar på Tysnes, i slekta til Harald Dalland, er dei same som har vore brukte i Os.

Same korleis dette heng i hop, så vart bygginga i Tøsdals-nausta ved Oselva innleiinga til ei ny stordomstid for osbåtane. Mange lærde yrket frå Lars og Jørgen, og handverket og næringa breidde seg til heile bygda. Oselvaren vart svært godt omtykt av fiskarane, og ut gjennom 1800-talet vart han etterkvart den mest brukte båten mellom fiskarane på kysten mellom Hernar og Espevær. Tidleg på 1800-talet var Tysnes framleis ei viktig båtbyggjarbygd, og leverte hjeltebåtar like fram til på 1850-talet, men mot slutten av hundreåret hadde Os teke heilt over. På Tysnes vart småbåtbygginga mykje redusert, og i dei fleste andre båtbyggjarbygdene vart ho mest heilt borte. Litt inn på 1900-talet fanst det att berre to store båtbyggjarmiljø i Hordaland. Det var Os og Strandebarm.

I og med at tradisjonen har vore ubroten så lenge er heile den gamle kunnskapen intakt. Båtbyggarane på Oselvarverkstaden er blant dei fremste i Europa innan klinkbygde tradisjonsbåtar. Verkstaden har hatt styredeltaking frå viktige institusjonar som Norsk handverksinutitutt og Vikingskipshuset i Oslo, og gjennom eit fagråd har me knytt til oss kompetanse m.a. frå Hordamuseet og Hardanger Fartøyvernsenter. Me har og hatt samarbeid med Vikingeskibsmuseet i Roskilde, og har slutta oss til nettverket «Artisan in Work» (tidlegare Economuseum), dette er ei samling av bedrifter som driv tradisjonelt handverk.

Båtbyggarane på Oselvarverkstaden fyller i dag ca. tre årsverk. I tillegg har vi tre lærlingar. Ved byrjinga av 2023 har verkstaden bygd omlag 115 båtar. Verkstaden har sunn økonomi, men det krev heile tida ei nøktern drift.

Vil du besøke oss? Sjå denne sida.

Tilsette og lærlingar ved Oselvarverkstaden hausten 2023: