Tusen års båtbyggartradisjon

Oselvaren er ein trebåt som var svært vanleg langs sørvestkysten av Noreg i mange hundre år. Båttypen har hatt ein utvikling som går flere tusen år tilbake i tid, og båten viser tydelege likhetstrekk med både Halsnøybåten (ca. år 300 e. Kr.) og Gokstadfæringen (ca. 900 e. Kr.) På 1800-talet var oselvaren den dominerande småbåttypen langs Hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland. Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Han har vore kjend som ein særs lett robåt, snøgg seglar og ein trygg båt. Det vert framleis skipa til kappsegling – med eigen noregsmeisterskap – for oselvarar.

Kyrkjeferd Ferstadvågen 1909. Kjelde: Bjørnafjorden lokalhistorisk arkiv

Fjorden var vegen, og båten var framkomstmiddelet

Dei første robåtane finn me restar av på Mangersnes/Radøy, der dei har bygt båtar mellom år 0 og år 600 e.Kr. Dei funne klink av jarn (nagle/båtsaum), ca. 200 e.Kr. og ein keip frå år 0.  På Halsnøy i Kvinnherad, fann dei i 1896, ein trebåt frå omkring 200 e.Kr., det vil sei i frå romersk jernalder.

Frå 700 e.Kr. brukar dei segl, dvs. trapesforma råsegl, voven av villsau-ull.

Vikingane frå Vestlandet dreg på krigerske røvarferder eller fredelege handelsferder. Dei styrer mot vest, i vesterveg, til England, Frankrike, Irland eller Vesterhavsøyane Hjaltland (Shetland), Orknøyane, Suderøyane (Hebridane). Eller dei tek austetter, gjennom Austersjøen, Baltikum og heilt ned til Miklagard (Istanbul).

Det var færingen eller seksæringen som var modell då dei bygde dei smekre, flatbotna, raske vikingskipa, som gjorde dei til herrar i Norden. Inne i Gokstadskipet (frå 800 e.Kr.) fann dei tre robåtar, m.a. ein treborda færing (6.5 m) som er mest identisk lik den treborda oselvaren av i dag.

Båtbyggjartradisjonen overlevde gjennom Middelalderen; kompetansen gjekk frå far/bestefar til son/sonason, på strendene rundt Bjørnafjorden. Båtane vart nemnde etter kva bygd dei vart skapte i: Osbåt, Fusabåt, Austevollsbåt, Tysnesbåt. Seinare vart dei alle til oselvarar. Båtbygging var eit handverk i dei små løene eller nausta, og etter kvart ei god attåtnæring for fiskarbøndene i ytre Midt- og Sunnhordland. Det skogfattige fiskarsamfunnet på Shetland vart etter kvart ein stor kunde hos nordmennene. Funn tyder på at shetlendarane kjøpte vestnorske robåtar alt i vikingtida, og ei tid etter Svartedauden tek eksporten seg opp. Det heng nok saman med at dei lærde å skjera tømmer på vassag, som må ha vore ein sann revolusjon.

Frå tidleg 1500-tal til om lag 1850 vert det produsert og eksportert færingar og seksæringar til Shetland i varierande mengd pr. år, frå 20 tal 80, med rekord i 1624 (87 båtar).

I 1664 vart 31 båtbyggjarar namngjevne og registrerte kring Bjørnafjorden

I det som i dag er Bjørnafjorden kommune fann me båtbyggjarar på Ballandsneset, Drangsvågen, Askvik, Sagebakken, Geitarøya, Nordstrøno, Sørstrøno, Forstrøno, Sundøy, Brattholmen, Røttinga, Bjørnavika, Haugland, Lekven, Moberg, Osøyro, Haugsneset, Hegglandsdalen og Lønningdal. På Fusa sia tå fjorden: Kolle, Helland, Koldal, Austestad, Opsal, Storli, Skåtun, Strandvik, Sævareid, Dragseide, Kilen, Baldersheim og Nordtveit. I eit veglaust samfunn med busetnad på øyar og holmar og på kvar side av djupe fjordar, var robåten ein føresetnad for eksistensen: Han var fiskebåt, frakte-båt kyrkjebåt og turbåt.

Eller dei konkurrerte. På Færøyane held dei framleis i hevd rokunsten med rokonkurransar på nasjonale festdagar som t.d. Olsok I Torshavn (29.juli). Dette har nordmennene truleg teke med seg frå middelalder-Norge.

Fisketorget i Bergen: Oselvare på rekkje og rad. Strilar med båtane fulle av fisk. Ukjent årstal, men kanskje kring 1900.

Bergensarane får i dag æra for å ha vekt til live tradisjonen med store rorkonkurransar på festdagar. 17.mai 1847 arrangerer dei rokonkurranse på Lungårdsvatnet. Det vart ei stor oppleving, og etter rokonkurransen under 17.mai-feiringa i 1879, på Storelungeren, heiter det I referatet:

«Et aldeles henrivende Skue frembød dette yndige basseng, der i det herligste Solskinsveir laa blankt og blaanende mellem sine yndige bredder, der var besat med mangfoldige Tusinder af jublende Tilskuere, og paa hvis Flade hundrede af Flagsmykkede Baade og Fartøier, fyldte med festlige Skarer, bevægede sig frem og tilbage iagttagende de om Prisen kjempende Roere».