Économusée

Oselvarverkstaden er det første Economuseum som vart opna i Hordaland. Economuseum Oselvarverkstaden var ikkje berre det første i Hordaland. Det var og det andre i Europa. Eit economuseum er retta mot reiselivet der ei levande handverksverksemd blir kombinert ved å setje handverkstradisjonane inn i historisk samanheng.  Her kan ein sjå korleis handverket blir utført i praksis.

I dag er det 12 norske Èconomusèe.

Oselvarverkstaden (Os kommune, Hordaland)

Fjordtønna (Samnanger, Hordaland)

Stine Hoff Kunstglass (Bergen, Hordaland)

Treskjerartunet (Voss, Hordaland)

Aurlandsko (Aurland, Sogn og Fjordane)

Oleana (Arna, Hordaland)

Ledaal Teppeveveri (Stavanger, Rogaland)

Arven (Bergen, Hordaland)

Ullform (Stavanger, Rogaland)

Tre og tønner DA (Fusa, Hordaland)

Syse Gard (Ulvik, Hordaland)

Hillesvåg Ullvarefabrikk AS (Lindås, Hordaland)

Économusée er eit solid utprøvd canadisk konsept med utspring i Québec provinsen. Formålet er å ta vare på, utvikle og syne fram tradisjonsrike handverk og kunnskapen om desse. Sidan starten i 1992 er det etablert meir enn 50 sentra i provinsane Québec og Atlantic. Dei verksemdene som har integrert konseptet kan syne til gode økonomiske, reiselivsmessige og kulturelle resultat. På den måten vert det skapt eit grunnlag for å føre vidare handverkstradisjonen.

Ideen bak modellen Économusée er å:

  • SYNE FRAM levande handverk og tradisjonell kunnskap
  • TA VARE PÅ kultur og tradisjonar
  • KOMBINERE kultur, økonomi og turisme
  • BYGGJE ein kulturell modell for entreprenørskap

Eit Économusée er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei levande handverksverksemd der det i tillegg til produksjon og sal av tradisjonelle handverksprodukt, vert lagt til rette for ei reiselivsoppleving ved at handverkstradisjonane og den historiske samanhengen vert synleggjort. Verksemda får med det ein ekstra arena for omsetnad av produkt direkte til kjøpar, og soleis eit meir solid grunnlag for vidareføring av handverkstradisjonen og kunnskapen om denne.

Économusée kjenneteiknar ei verksemd som:

  • Nyttar ein tradisjonell teknikk eller kunnskap i produksjonen sin
  • Har eit oppriktig ønskje om å opne dørene for publikum, for å syne fram handverket og kunnskapen om dette, og lata publikum få møte dei som utfører handverket
  • Har eit bygg som er lagt til rette for framsyning og formidling av handverkstradisjonen
  • Fullt ut baserer verksemda si på sal av produkta sine