Oselvarverkstaden nominert til UNESCO-liste

Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er nominert til UNESCO-lista «Best Safeguarding Practices» – Beste vernepraksisar – etter konvensjonen om immateriell kulturarv. Søknaden er utarbeidd av Oselvarverkstaden, og Kulturdepartementet har sendt han til UNESCO på vegner av den norske staten. Tiltaket som er nominert har tittelen: «The Oselvar boat – reframing a traditional learning process of building and use to a modern context».

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

© Kjell Magnus Økland, 2011 The Oselvar meeting its predecessors. Foreground: a replica of the Halsnoy boat (ca. 300 AD). Middle: a copy of the Gokstad faering (ca. 900 AD). Background: an Oselvar from 2002

Til UNESCO’s konvensjon om immatriell kulturarv er det knytt tre ulike lister: «truga kulturuttrykk», «representativ liste» og «beste vernepraksisar». Innanfor sistnemnde er det til no berre teke opp 12 tiltak på verdsbasis og det er denne lista Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er nominert til.

Med immatriell kulturarv vert det her sikta til kulturarv som tradisjon, språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonell handverkskunnskap og dugleik. Dette til skilnad frå materiell/fysisk kulturarv som til dømes Bryggen i Bergen eller Røros.

 

Endeleg avgjerd om Oselvarverkstaden og oselvarkulturen skal koma på Beste vernepraksis-lista vert teken av UNESCO utpå hausten 2016.

 

You will find the application, some photos and a video in this dropbox:

https://www.dropbox.com/sh/9zklmgo2rbsray7/AADCj0kl4OXaZaBxJkKgWRxpa?dl=0