Oselvar til sals

Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Verkstaden har normalt 1 –1,5 års leveringstid for nye båtar, og eit par månaders ventetid på større reparasjoner.

Bygg nr 89, ein færingen, ligg klar og ventar på eigaren sin, den er enno ikkje rigga, men vil bli tilpassa behova til kjøpar.

Sjøklar robåt kostar i 2017 frå kr 130 000 (opp til 10 alner = 5,65 m). For seglbåt kjem eit tillegg på kr 45 – 50 000, alt etter storleik og kvalitet. Vi byggjer båter i alle storleikar, æring (eit par årar), færing (to par årar), seksæring (tre par), ottring (fire par), tiæring (fem par) og tolværing (seks par årar).