Oselvar med turbo

Ein varm sommarkveld i mai var 44 små og store på sommeravslutningen med Turboklubben. Roturen, som vart arrangert i samarbeid med Oselvarlaget og Oselvarverkstaden, gjekk frå Oselvarnaustet til Mobersvika. – På denne måten blir borna trygge i båt og glad i sjøen, seier André Marton Pedersen frå Turboklubben. Dette er ei glede dei vil ha med seg heile livet.

Turboklubben ror oselvar til Mobergsviken i Os, mai 2018.
Turboklubben ror oselvar til Mobergsviken i Os, mai 2018.
Turboklubben ror oselvar til Mobergsviken i Os, mai 2018.

Nokre av foreldra måtte ro fleire gonger frem og tilbake og dei fekk seg ein skikkeleg treningsøkt.

Du kan lese meir om Turboklubben her: https://os.dnt.no/turboklubben/
Foto: André Marton Pedersen