Juleverkstad

Julemarknad i Os sentrum og juleverkstad i Oselvarverkstaden. Mykje kjekt for både store og små som besøkte Osøyro sist helg. Lyshornet Brass var med å skape julestemning fleire stader i bygda.

Oselvarverkstaden serverte gløgg og pepperkaker. Det vart arrangert konkurranse og dei som ville fekk gode råd av båtbyggarane. Takk for besøket til alle som tok turen!

 

Konsert: Lyshornet Brass kom på uventa besøk. ikkje kvar dag vi har konsert i verkstaden.
Juleverkstad: Fredrik fekk god kontakt med dei unge gjestene.